top of page

KVARDAGEN PÅ FANGELEIREN PÅ FANNREM 1944-45

  • 9. juni
  • 3 min lesing

Det var en artikkel i årboka til Orkanger Historielag fra 2019 som skulle bli den utløsende faktoren til ideen om å skrive Ørkedalsspelet.

Kvardagen i fangeleiren på Fannrem 1944-45 het artikkelen skrevet av Oddbjørn Kvålsvold, og bare synet av tittelen ga meg frysninger på ryggen. Allerede her begynte en idé å ta form.


Etter å ha lest artikkelen om denne underleiren til Grini, som jeg aldri hadde hørt snakk om tidligere, var saken klar: denne historien MÅ fortelles.


Etter prosjektet Ørkedalsspelet ble kjent, har et vanlig spørsmål jeg har fått vært: «du, dette med at det var en fangeleir på Fannrem – er det noe du har funnet på?»


Fangeleiren på Fannrem er absolutt ikke et produkt av min fantasi. Og her er et utdrag fra artikkelen til Oddbjørn Kvålsvold, basert på livsminnet til Olav Veraas, som bevis:

- Maja Aspås Teialeret



Av: Oddbjørn Kvålsvold,

Utdrag fra artikkelen «Kvardagen i fangeleiren på Fannrem 1944-45»

fra Årboka til Orkanger Historielag 2019

Olav Veraas kom til Fannrem som gisselfange i oktober 1944 etter først eit opphald i Grini fangeleir. Dei over 200 utvalde fangane frå Grini vart sende med lastebilar til Oslo og vidare med jernbane (kuvogner) til Trondheim.


Fangane vart så transporterte i lasterommet på ein båt til Thamshavn. Leiren på Fannrem vart no ein del av den tidlegare «Wehrmachtleir» og bygd etter tysk standard. Eit vakttårn med lyskastarar og maskingevær var plassert i kvart hjørne, og eit elektrisk gjerde med piggtråd på innsida omkransa tvangsarbeidsleiren. Det var òg minelagt ei stripe som skilde fangar frå soldatbrakker.


Tvangsarbeidarane på prestegarden

Det var først etter at Olav Veraas var hamna i leiren, at han forstod at dette var ein tvangsarbeidsleir der fangane skulle delta i eit krigsviktig oppdrag. Som kjent hadde norske sabotørar klart å setja dei smalspora lokomotiva ut av drift, slik at kistransporten mellom Løkken Verk og Thamshavn var stansa. No fekk fangane i oppgåve å byggja eit tredje spor, slik at malm-transporten kunne koma i gang med nye standardlokomotiv. Løkken Verk var den største kisgruva i Norge, og malmen var difor svært viktig for den tyske krigsmaskina. Tvangsarbeidarane vart delte opp i arbeidsgjengar med to vakter, ein SS-soldat med Schmeisser maskinpistol og ein tysk soldat med mausergevær. Fangane vart òg passa på av ein stor schæfer-hund med åtvaring om at dersom ein fange rømte, vart 10 av dei andre skotne. (...)


Tungt fysisk arbeid

Olav Veraas var med på å utvida jernbane-strekka frå Fannrem oppover mot Løkken denne kalde vinteren med låge temperaturar og mykje snøfokk. (...) Den manuelle flyttinga av skjenene var tung og kravde god samhandling. Arbeidslaget måtte først løfta skjena opp på knea og så vidare på skuldra etter kommando. Mellom kommandoropa drog ein pusten og venta på nytt «Drei». Ved eitt høve svikta samhandlinga, og skjena deiste frå skuldrene og ned på bakken og knuste tærne til ein av fangane. (...)


Ein dag oppdaga dei at midt inne i den boga tunellen var det plassert ei stor verktøykiste med eit meierispann med betasuppe. Han gløymer aldri kor godt den suppa smakte, og minnest at fleskebetar, grønsaker og kjøttkraft glei lett ned. Ja, Veraas skriv i sogeskriftet at den fyldige orkdalssuppa dei fekk overlevert kvar dag, gav dei ny styrke og livsmot i ein vanskeleg kvardag. Seinare fekk fangane kjennskap til at bygdefolket hadde fått hjelp av nokre tyske soldatar med å smugla suppa inn i tunellen utan at SS-soldatane fekk kjennskap til matauken. (...) Tradisjonen fortel at folk i dalføret hadde eit stort engasjement for å hjelpa fangane i leiren på Fannrem.



Kommentarer


bottom of page